Menu

porten banner v2

Haustfest i Fossekallen 4H

  • Overordnet kategori: Ressurser

Tradisjon tru hadde Fossekallen 4H haustfest i oktober i år også.

Heile 17 medlemmar stilte ut og fekk godkjent sine prosjekt. I tillegg var det underhaldning, rikeleg med god mat og utlodding.

 

Dei siste åra har haustfesten vore arrangert på laurdag, etter at prosjekta er utstilte og evaluerte fredag kveld.

I tillegg til prosjekta, hadde medlemmane underhaldning og framvising av bilete frå aktivitetar dei har vore med på det siste året. I Fossekallen er det fleire som startar i klubben som mini-aspirantar, det året dei går i tredje klasse. I tillegg til medlemmar frå Gjøra, er det også medlemmar frå Grøa med i gruppa.

 

Alle dei 17 som hadde stilt ut oppgåve fekk den godkjent, og fekk utdelt merke og teskei. Her var mykje godt arbeid lagt ned. Som ofte hadde fleire av prosjekta i år også tema mat og baking. I tillegg var det blant anna tema om dyr, ”Form og fantasi”, ”Meg sjølv og andre” og ”Bli med ut”. Dette er ei fin samling for alle som møter opp, og medlemmane står for mykje av arrangementet sjølve. Men som alltid – det er godt å ha ei baktropp av føresette.

 

Takk for nok ein godt gjennomført haustfest!

 

Tekst og foto: Gunn Signe Aarnes

The most visited gambling websites in The UK