Menu

porten banner v2

Godt oppmøte på dugnaden 10. mai!

  • Skrevet av Dagrun Aarnes Nisja
  • Overordnet kategori: Ressurser

 

Det var mange som møtte fram og gjorde ein god innsats på dugnaden på Gjøra i år også.

Her kom både rive, sag og traktor til stor nytte.

Gunnar Olav og Gunnar Edvin ryddar inn mot skoleområdet.

Det var andre året på rad at Gjøra Bygdeutvikling inviterte til ein felles vårdugnad i sentrum av Gjøra. Områda kring kapellet, skolen, barnehagen og bua var satt på programmet. Det vart også saga ned ein del kratt for å betre utsikt mellom skoleplassen og Fjellgardsvegen.

Mari Anne Gram Eggestøl Husby og Randi Jenstad serverte middag på skolen frå klokka 15.

Og i pausane kosa folk seg med kaffi, kjekse og is i sola.

 

Takk til alle som deltok, og gjorde bygda klar til å feire 17. mai i ryddige og fine omgivnader!

 

Elin, Bjørn, Egil Arne og Siw har ein kaffepause i solveggen.

 

Og is til barna! Kjersti, Andres og Sunniva, som alle startar i første klasse til hausten.

 

Søstrene Ragnhild og Margot har delteke på mang ein dugnad på Gjøra.

 

 

Ingen dugnad utan traktor! Elin Nisja fyller skuffa med rusk etter vinteren.

 

 

Alle deltok! Eirin, Signe, Ane og Fredrik.

 

Her går det på meter i sekundet!

Gunnar Edvin og Lars Arnold lesser. Asbjørn i traktoren.

Siste innspurt godt ut på kvelden.

Tekst og foto: Gunn Signe Aarnes,

prosjektsekretær i Gjøra Bygdeutvikling.

 

 

The most visited gambling websites in The UK