Menu

porten banner v2

Festleg samvær i Musgjerd grendahus 8. april

  • Overordnet kategori: Ressurser

Også denne gongen samla bygdakvelden, som var arrangert av Musgjerd grendahus, mange til festleg samvær.

Visegruppa frå 3. og 4. klasse.

 

Ane, Fredrik, Ingrid R.M. og Ingrid S.H.i "The Sunshines", på gruppa sin andre opptreden.

 

På programmet stod underhaldning av born og elevar frå Gjøra. Her var både eit barnekor, ei visegruppe og rockebandet ”The Sunshines” i entusiastisk aksjon.

Naturelskar Oddvar Olafsen viste dei frammøtte flotte bilete frå Sunndalsfjella. Han hadde tre gode reglar for å kome seg ut på tur.

- Ein må ikkje vegre seg for å gå på tur.

- Nyt turen!

- Ein treng ikkje å gå langt.

 

I tillegg kom Tommy Fossum (leiar i GBU) og Gunn Signe Aarnes (prosjektsekretær i GBU) med den glade meldinga at bygda har fått sin første hjartestartar. Den kom som resultat av ein søknad frå Gjøra Bygdeutvikling til Hotell Kristiansund.

Hjartestartaren vil få plass i Sunndalsporten når den står ferdig.

 

Og som alltid i øverbygda var det utlodning og servering av rikeleg med god mat.

Barnekoret syng vårsongar.

Mange var møtt fram på bygdakveld.

Synne spelar bass i "The Sunshines"

Å, kor fint dei spelar og syng!

Sigbjørn Kårvand var også med på enkelte av songane.

Oddvar Olafsen viste flotte bilete frå Sunndalsfjella.

Gjøra Bygdeutvikling, her representert ved Endre Nisja, prosjektsekretær Gunn Signe Aarnes og Alf Jonny Sande, fekk hjartestartar med Hotell Kristiansund.

The most visited gambling websites in The UK