Menu

porten banner v2

«Gjøra Junior» – ei avis laga av elevar på 6. og 7. trinnet ved Gjøra oppvekstsenter

  • Overordnet kategori: Hovedmeny

Etter at elevane har hatt prosjektet «Avis i skolen» denne hausten, fekk dei lyst til å lage ei eiga avis. Resultatet kan du sikre deg no før jul. Avisa vil bli seld i Sunndalsporten på Gjøra fredag og laurdag for kr 50,-. På Gjøra vil og avisa bli seld til dei einskilde husstandane.

 

Inntekta av salet går til Kreftforeninga.

 

Kontaktlærar Gerd Vollan Elshaug, Randi Næsgård Larsen og Gunn Signe Aarnes har jobba saman med elevane om avisa.

 

I «Gjøra Junior»  kan du blant anna lese om det unike funnet av to kokegroper og to gravrøyser i Gjørasmoen, like ved oppvekstsenteret. Fylkesarkeolog Kristoffer Dahle har heilt ferske opplysingar å kome med denne veka. Kokogropene er eldre enn ein først trudde. Den eldste er frå yngre bronsealder, ca år 800 f.Kr, den yngste mellom år 800 og 550 f. Kr. Arkeologen er noko overraska over at det er gjort så gamle funn så langt oppe i dalen. Det viser at det har vore tidleg busetting her på Gjøra.

 

Det er også presentasjon av redaksjonsmedarbeidarane, intervju av personar frå Gjøra og mykje meir i avisa vår.

 

Så løp og kjøp. Dette kan også vere ei fin julegåve.

 

The most visited gambling websites in The UK