Menu

porten banner v2

Ein kveld for kropp og sjel.

  • Overordnet kategori: Ressurser

Hyldbakkvelden 26. januar samla 60 personar til musikk, song, kåseri, bakkels, bok- lodd- og CD-sal i Sunndal nasjonalparksenter i Sunndalsporten. Med andre ord ein svært allsidig og sosial kveld for dei frammøtte.

Svein Sæter fekk fram fleire sider av Hans Hyldbakk i innlegget sitt.

Tekst og foto: Gunn Signe Aarnes

Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag arrangerte denne kvelden saman med kulturetaten i Sunndal kommune. Sunndal Nasjonalparksenter stod for serveringa av kaffe, graut og bakkels.

Det var sal av bøker og CD-ar, blant anna romanen Brotne band av Hans Hyldbakk.

 

Og det er nok fleire av oss som er einig i det Henning Sommerro skriv i forordet:

Eg har alltid trudd at Hans Hyldbakk aldri skreiv nokon roman. Så dukkar denne boka opp, og plutseleg veit vi meir om Kleivakongen: Han kunne ha blitt ein stor romanforfattar òg.

Akkurat som hovudpersonen i Brotne band, Sverre Vatneplassen, bar Hans Hyldbakk på ein diktardraum. Denne boka viser at draumen var sterkare enn han ville vedkjenne seg på sine gamle dagar. Det gjer det enda meir spennande å opne ei 83 år gammal bok som blir utgitt for første gong.

 

Les også omtale i Driva måndag 30. januar.

 

http://www.driva.no/nyheter/article421993.ece

 

Håkon Fredriksen i Perikom.

Kvelden samla mykje folk i Sunndalsporten.

Svein Sæter med romanen Brotne band.

Gruppa Perikom fenga publikum.

Gruppa Perikom med Jo Ranheim, Karstein Mauset, Ingebrigt Løfald og Håkon Fredriksen.

The most visited gambling websites in The UK