Menu

porten banner v2

Korkafeen i Sunndalsporten

  • Overordnet kategori: Ressurser

Tekst: Aksel Aarflot. Foto: Gunn Signe Aarnes / Aksel Aarflot. 

Søndag 11. november serverte Sunndalskoret "Grøa Songlag" nok ein vellukka korkafe, og no i Sunndalsporten!

Sunndalskoret er no ein driven arrangør av slike korkafear. Når alle har sin jobb, går det heile som ein leik; frå ei rask rigging av sal, pynting av bord og dandering av eit dobbelt langbord med 25 kakesortar, «oppvarming» av koret når det gjelder stemme og humøret! 

 

Så når klokka nærmar seg 16 er det eit forventningsfullt kor som står klare til å ynskje publikum hjerteleg velkomne! Folket strøymer til og fyller salen til siste plass. (Det var godt at vi fekk tilkøyrt ekstra bord!) Men alle får sitte godt ved bord og nyte konserten, maten og spenninga under trekninga av eit 20-tals gevinstar, frå songarane og forretningsstanden. Dei fekk også aktivt delta i allsongane.

Sjølve konserten omfatta: 2 korparti med 9 songar delvis akkompagnert av Korbandet, instrumentell del med Korbandet og duettar.

Den fyrste korpartiet var greske songar med «Dimmi» og Audhild Bundgaard som solistar. Korbandet (Arnfinn Kamsvåg, Anders Koksvik og «Dimmi») spelte gresk musikk. Dei «mektige» duettsongarane  Magne Vangen og Ottar Roalsdset framførte 2 songar i smektande rytmer spesielt tileigna damene.

Vi trur det var einigheit at det hadde vore ein hyggeleg søndag ettermiddag, og at ein hadde fått ein fin sosial stund som hadde gitt meirsmak!

Neste gong folk flest kan høyre Sunndalskoret Grøa Songlag er i AMFI-senteret 24. november, i Julekonserten i Gjøra Kapell 16. desember og i «Hellige tre Kongers konsert i Hov Kyrkje i januar!

 

 

The most visited gambling websites in The UK