Menu

porten banner v2

Opning av fotoutstilling i Sunndalsporten laurdag 20.februar

  • Overordnet kategori: Ressurser


Håper mange møter opp på opning av fotoutstilling og presentasjon av bokprosjekt i Sunndalsporten laurdag 20. februar kl 12.00. Fotoutstillinga vil vera å sjå i Sunndalsporten fram til 2.april.

Kanskje blir det musikk også?

Gratis inngang.

Kjøp kaffe og kaker av elevar ved Gjøra oppvekstsenter. Inntekta går til billettar til studietur til Trondheim tiul våren.

Velkomne!

Litt om Nils Torske:
Fødd og oppvaksen i Sunndal. Utdanna adjunkt med musikk og kroppsøving som fag. Har også svennebrev i fotograffaget, og arbeider i dag som museumsfotograf ved Levanger Museum. Hovudoppgåva her er å ta vare på, forvalte og formidle ei stor samling kulturhistorisk fotografi frå søndre del av Nord-Trøndelag, mellom anna ei særs viktig samling eldre fargefotografi. Har og ei stilling ved kulturskulen i Levanger som trekkspel/akkordeonlærar.

Lærte å fotografere av min bror Bernhard, og hadde det lenge som ein kjær hobby, som i 1989 vart til yrkje. Kameraet er gjerne med på fjellturar og elles. ”Favorittøvinga” er svart-kvittfotografi, særleg mørkeromsarbeidet. Makroobjektivet er og eit ynda reiskap ute i naturen.

Da museet flytta til sentrum i 2007, vart dessverre det ”analoge” mørkeommet erstatta med det digitale, og mykje av det tradisjonelle fotografhandverket forsvann. Så no er ein nøydd til å lage bileta på dataskjermen, heilt utan mørkeromslukt. Men det er utruleg kva ein venner seg til, og ”databileta” blir faktisk riktig bra dei au!

Som det nok går fram av bilettilfanget, er favorittmotiva helst henta i naturen, men landskaps- og arkitekturfotografi er og artige å bryne seg på. Dessutan er det artig å konsentrere seg om ein detlalj, og trekkje han ut av heilskapen. Reiskapen spenner frå ein gammel Leica frå 1940 via storformatkamera til digital spegelrefleks.

Håper de finn noko de meiner er verd å sjå!

The most visited gambling websites in The UK